Lukk
Booking
Vennligst benytt følgende bookinglinker under for online-booking av overnatting og Gokart hos Hardangerpark.
Book overnatting
Book gokart
Covid 19: Hardangerpark har god plass og store fellesarealer slik at det er enkelt å holde avstand. Nærområdene byr også på mye vakker natur som man kan boltre seg i. Våre medarbeidere følger alle bransjenormer og veiledere for håndtering av smittevern fra Folkehelseinstituttet.

Ofte stilte spørsmål

Her får du svar på det fleste folk lurer på.

Finner du ikke svar på ditt spørsmål, tar du bare kontakt.

Kor langt er det til Dronningstien,
og kor lang tid tar turen?

Frå Hardangerpark er det ca 10 minutt til parkeringa på Kinsarviksida av Dronningstien. Her kostar det 200 kr og parkere. Det er også råd og bestille transport frå Hardangerpark via shuttlebushardanger.no eller ullensvangtaxi.com.

Turen over Dronningstien er 16,4 km og tar ca 6 timar.
Sjekk ut.no for meir info

Kor langt er det til Trolltunga?
Og kor lang tid reknar me turen tar?

Frå Hardangerpark til parkeringa ved Trolltunga tar ca 1 time i bil.  
Tur retur Trolltunga er ca 28km km og er berekna til 11 timar. Dette er ein krevande tur. Sjekk ut.no for meir info.

Kor langt er det til Oksen?
Og kor lang tid reknar me turen tar?

Frå Hardangerpark til parkeringa ved Tjoflot er det ca 45 min i bil.
Turen til Oksen er berekna til 5 – 6 timar. Sjekk ut.no for meir informasjo

Kort lang tid tar det å gå Husedalen?
Og kor lang tid reknar me turen tar?

Til Husedalen kan du gå i frå Hardangerpark. Då er det ca 1.5 time gange før du byrjar på stigninga ved fossane. Du kan også køyre bilen til fyrste parkering ved Stølsbru og gå derifrå. Frå Hardangerpark til parkeringa er det ca 5 min i bil. Husedal turen til siste foss er berekna til 5 timar med god stigning.

Er sengetøy og håndkle inkludert?

I Hardangerpark kan du ta med ditt eige sengetøy og handklede. Om du ikkje ynskjer dette kan du leige sengetøy + handklede sett i resepsjonen. Dette kostar 100kr per sett.

Må me vaska ut sjølv?

Du kan velje og vaske ut sjølv. Viss du ikkje ynskjer dette kan du kjøpe sluttreinhald for 395kr i leiligheitene. I dobbelromma kostar dette 75kr.

Avstand til Mikkelparken?

Frå Hardangerpark til Mikkelparken er det ca 10 min gange. Du kan også køyre til parkeringa på ca 3 minutt. Merk at det ofte er stor pågang ved parkeringa til Mikkelparken.

Åpningstider på dagligvarebutikken?

Spar Kinsarvik er open frå 0800 – 2000. Sjå google eller facebook sida til Spar Kinsarvik for meir informasjon.

Matservering?

Hardangerpark jobbar aktivt med å klare og tilby gjestene våre matservering. Meir informasjon kjem fortløpande. Foreløpig er dette noko Hardangerpark ikkje tilbyr anna enn is, kaffi og brus i resepsjonen.

Aktiviteter? Gokart, kajakk?

Du kan bestille gokart køyring via vår nettside. Kajakk leige er muleg via Hardangerfjord active. Sjekk Trykk her. For endå fleire aktivitetar Trykk her.

Innsjekk?

Innsjekk er ynskjeleg mellom 1500 – 2000.
Ta kontakt om det er utfor desse tidene.

Utsjekk?

Utsjekk må vera utført før 1200.

Book årets Norgesferie

I år har du ein unik mogelegheit til å skapa minner for livet med sommarferie i Kinsarvik! Her møter dykk fjordlandskap i verdsklasse, fantastisk natur, flotte aktivitetar for store og små og spanande matopplevingar.

Ofte stilte spørsmål
Lurar du på noko?

Me gler oss alltid til å verta kjend med nye gjester. Ta kontakt for ein hyggeleg prat!

Ofte stilte spørsmål.